Oslo 14. - 15 september 2017

Vis meg jingelen din, så skal eg seie deg kven du er


(16 september, 2016 - 13:22)



Noregs fremste jingle-nerdar og imagingprodusentar delte sine arbeidsmetodar og tips.

– Det blir diverre ikkje så mykje lyd på denne sesjonen, opnar Christer Johan Pettersen-Dahl, programleiar og lyddesignar i NRK P3, til rungande latter frå salen.

 

Med seg hadde han Aleksander Lilleøien (MTG), Marius Hansen (NRK), Lars Petter Berg (Bauer Media) og Vidar Brennodden (NRK), som alle blei møtt med det store spørsmålet ”Kvifor treng me eigentleg jinglar?”

 

Lyd som identitetsbyggar

– For å tydeleggjere ein kanal sin profil og identitet, svarar Lilleøien. Han held fram at det er viktig at stasjonen sitt univers er gjenkjenneleg, sjølv når det ikkje vert prata eller spelt musikk.

 

Lars Petter Berg i Bauer Media understreker at jinglar handlar om imaging, og at det er eit viktig verktøy for å framheve personlegdommen til stasjonen.

 

– Lyttarar kan av og til synast at jinglar er reklame, og dermed forstyrrande. Det kan kjennast som eit nødvendig vonde, men det må bli gjort slik at det saumlaust vert blanda inn i miksen, og får fram ein viktig bodskap, seier Berg.

 

NRK-jinglemakar Vidar Brennodden meier at jinglar sin funksjon – på det mest elementære – er å fortelje lyttaren kva for stasjon dei høyrer på. For NRK har det vore viktig å presentere at det som vert lytta til er innhald frå allmennkringkastaren.

 

– Jinglar er jo det beste med radio. Alle elskar jinglar! Det er eit rått verktøy, og gode jinglar bidreg til å sy sendingar saman, sier Brennodden.

 

Gode overgangar

Marius Hansen, som produserer jinglar i NRK, fortel at å finne den gode ideen kan ta lang tid. Han jobbar stort sett åleine, men når den gode ideen først er komen, gjer det meste seg sjølv.

 

– Eg trur eg har drege fordel av å ha musikkbakgrunn. Stilforståing, og å vite kva for lydar som høyre til kva for univers, har vore viktig, seier han.

 

Power-introar var også eit tema under sesjonen, noko Bauer Media-stasjonane har haldt på med ei stund. NRK P1 meldte seg nettopp på trenden, og er klare på kvifor dei har velt å ta dette i bruk.

 

– Det handlar om å lage skikkeleg gode overgangar mellom låt og stikk, seier Vidar Brennodden, pådrivar for den nye jinglepakken til P1.

 

– Power-introar gjer mogelegheit til å kontrollere soundet. For DJ-flater er dette ein god måte å vere tight på, og behalde energien, seier Lars Petter Berg i Bauer Media.

Søkeskjema


Følg med!

Motta vårt nyhetsbrev, skriv inn din mailadresse her:
Opprett ny konto
Følg oss på