Oslo 14. - 15 september 2017

Kvardagsmysterium blei podkastsuksess


(15 september, 2016 - 20:15)



Mystery Show har nytt stor suksess verda over.

Alt frå ei beltespenne til ein nedlagt videobutikk har samla podkastlyttarar om Starlee Kine si biletskapande historieforteljing og karakteristiske stemme.

 

Podkasten som vart starta opp av tidlegare This American Life-produsent Starlee Kine, tek utgangspunkt i små kvardagslege mysterium som venene til Kine oppsøker henne med.

– Serien stillar to kriterium til mysteria: Dei skal ikkje kunne bli løyst av internett, og dei må bety noko for personen som kjem med dei, fortel ho i starten av torsdagens siste føredrag.

 

Ikkje reporter, men detektiv

Det heile starta med Kine sin fascinasjon for mysteriesjangeren – med BBC-mysterieprogram og Law & Order som nokre av inspirasjonskjeldene.

– Eg vart gradvis meir tiltrukke av mysterium. I utgangpunktet hadde eg ikkje lyst til å lage mitt eige radioprogram, men eg ynskja å løyse mysterium, seier ho.

Etter at Kine hadde fått programideen, byrja ho å drodle med, og produsere, Mystery Show frå leilegheita i New York.

– Eg ante verkeleg ikkje om det kom til å fungere. Programmet skulle ha eit anna format enn This American Life, og eg ville at mysteriet skulle angje tonen for kvar episode, fortel ho.

Produksjonsprosessen er driven av ein sterk intuisjon, med visse ufråvikelege reglar.

– Då bestemte meg for det, falt alt på plass. Eg er ein detektiv, ikkje ein radioreporter. Og eg kallar produsentane mine for etterforskarar, for eksempel.

 

Vegen viktigare enn løysinga

– Favorittepisodane mine er dei som ikkje avhenger av slutten. Showet handlar om stien du følgjer på vegen, og dei små historiene som vert leia ut frå den, understreker Kine.

På spørsmål om korleis ho folk til å opne seg opp, svarar ho:

– Det hjelper å ha den stemma eg har. Den gjer at det høyrest ut som om eg ikkje skal såre nokon. Men eg lyttar verkeleg til dei eg snakkar med, og visar dei respekt.

 

Søkeskjema


Følg med!

Motta vårt nyhetsbrev, skriv inn din mailadresse her:
Opprett ny konto
Følg oss på