Oslo 14. - 15 september 2017

Kan algoritmar skape betre radio?


(16 september, 2016 - 15:04)



Dei som ikkje følgjer med i data- og robotverda, kjem til å tape, seier Helge Flemmen.

Computarar og algoritmar gjer sitt inntog i radiobransjen. Bedrifter sit på enorme mengder verdifull data og tekst som ikkje vert utnytta, meiner seniorkonsulent Helge Flemmen i ID Management. Han er overtydd om at denne dataen kan brukast til analysar som kan lage sendeskjemaet som treff publikum – med betre program og auka lytting.

 

– Ein av dei verste tinga eg hugsar frå tida mi i TV-bransjen, var konsulentar som kom og skulle fortelje meg korleis eg skulle gjere TV. No står eg her og fortel dykk korleis å lage radio, ler Flemmen.

 

Ikkje fysiske robotar

Flemmen understreker at robotar er mykje meir enn maskinar som fysisk kjem trillande. Han er tydeleg på at algoritmar vil kunne hjelpe radiostasjonar med å få auka innsikt og betre tilbod.

 

– Dei som ikkje sett seg ned med dette no, vil få eit kort liv. Her finst det ingen begrensningar, seier Flemmen.

 

ID.Management har utvikla eit innsiktsverktøy som mellom anna analyserer tekst frå sosiale medium til å kartlegge kva praten rundt eit program handlar om. Dette har mellom andre TV2 teke i bruk.

 

– Det handlar om å handtere Big Data på ein ordentleg måte, og å samle opp kva folk snakkar om, seier Flemmen.

 

Frå ”gut feeling” til ”data feeding”

80 prosent av alle TV-program i USA floppar. Dei resterande 20 prosenta er dei som stort sett dukker opp på norske TV-skjermar, ifølge Flemmen.

 

– Eg skal ikkje seie at amerikanarane ikkje har innsikt, men med robotar og data ville det vore mogeleg å skaffe mykje meir presis innsikt om kvifor program floppar eller blir suksessar, seier han.

 

Konsulenten meiner ein i større grad bør kunne kombinere menneskeleg magekjensle med datadriven innsikt, og at ein slik kan kome fram til treffsikre program og riktige sendeflater.

 

– Men i den augneblinken ein har mista hovud og magekjensle, er ein på bærtur. Eg trur ikkje akkurat at menneska kjem til å forsvinne frå mediebransjen med det første, understreker Flemmen.

Søkeskjema


Følg med!

Motta vårt nyhetsbrev, skriv inn din mailadresse her:
Opprett ny konto
Følg oss på