Oslo 14. - 15 september 2017

Jakta på den perfekte radiostemmen


(16 september, 2016 - 15:20)



Stemmepedagog Lisa Bonnar Stjernø ga tips til korleis å utnytte potensialet i eins eigen stemme.

 Ein a capella-versjon av Händel sin Lascia Ch’Io Pianga sette stemninga for ein halvtime med øvingar og råd.

 

Stemmen som instrument

Stjernø meiner det gjer godt å lausne litt på den stemmen ein har fått, ettersom ein kan ha lett for å hamne eit fast spor.

 

– Å lage eit godt rituale før ein går på lufta, kan hjelpe ein å kome i modus, og bruke stemmen riktig. Gjer pusteøvingar og få artikulasjonen i gang, tipsar ho.

 

Vokalpedagogen held fram at hals og nakke må vere bevegelege og avspente, og at å mjuke opp kjeven kan vere godt for bevegelegheita i andletet når ein snakkar.

 

– Her sett det seg spenningar i løpet av dagen. Gjer grimasar før du skal på lufta, rådar Stjernø.

 

Ho trekk fram at stemmen er vårt personlege lydavtrykk i verda, og at korleis du nyttar den kan seie noko om levd liv, kjensler, gener og kropp.

 

Å få opp engasjementet

Om ein før sending ikkje kjenner seg så engasjert, kan det vere lurt å ha nokre historier i bakhand som kan setje ein i ei viss sinnsstemning.

 

– Bygg opp ein eigen repertoarbank – samle bilete, erfaringar og minner du kan dra fram for å få deg engasjert, seier ho.

 

Stjernø avlivar òg myten om at det er lurt å kviskre viss ein skal la vere å belaste stemmen. Det er feil, og tærer meir på stemmen enn å snakke normalt.

 

– I verste tilfelle, plasser heller stemmen oppi i nasen, det minskar belastninga, seier Stjernø.

 

Ho åtvarar mot å drikke mjølk eller ete banan før ein skal bruke stemmen på lufta eller i opptak, ettersom begge er særs slimdannande.

Søkeskjema


Følg med!

Motta vårt nyhetsbrev, skriv inn din mailadresse her:
Opprett ny konto
Følg oss på