Av: Inger Størseth Haarr
05.10.2009 @ 09:36
Kva er eit radiotalent, og korleis kan ein utvikle talent til å verte enno betre? Dette var temaet i den amerikanske radioguruen Tracy Johnson sitt foredrag The art of developing creative talent, som vart halde for ein full Sonja Henie-sal på fredag.
Del på Facebook
- Tilbakemelding! er Tracy Johson sitt svar på det siste. Alle treng coaching for å verte betre, men talentfulle menneske - dei som har potensiale til å verte det Johnson kaller live personalities - forheld seg til kritikk på ein annan måte, meiner han. Dei er i større grad enn andre klar over sine eigne feil, og kritikk i ordets negative forstand fungerer dermed ikkje på eit radiotalent. Ein god tilbakemeldar må vere ein fan, meiner Johnson, og når ein jobber med talent er det viktig å bygge talentets sjølvtillit. Føremålet med feedback er ikkje å gje direkte ordrar, men ei fungerande tilbakemelding må likevel vere ærleg, konkret og spesifikk.
Johnson tok óg opp meir generelle ting om kva som er ei god livesending, og kva som er ein god live personality, med eit lyttarfokus var til stades gjennom heile foredraget. Han vektla planlegging, styring og det å ha ei klar retning, å vite kvar ein er på veg. Slik vert det óg enklare å definere kva roller dei ulike elementa i ei sending skal ha, og radiotalent kan utvikle sine særtrekk innanfor desse rammene.
I salen sat det nok fleire talent enn programutviklarar og produsentar, og Johnson fekk spørsmål om kva ein kan gjere dersom ein ikkje tykkjer ein får nok tilbakemelding. I svaret vart sjølvanalyse og det å høyre gjennom sine eigne program trukke fram, i tillegg til å spørje andre utanfor sitt eige program eller stasjon om feedback. I verste fall får ein finne seg ein ny programansvarleg, for tilbakemelding må ein ha for å verte betre, ifølge Tracy Johnson.
|